Annonser

Bestill her





 
 

Ski og surf

- ein unik kombinasjon som kan opplevast i Nordfjord. Berre ein times køyring skiljer snø og bølger.  

Surfing i Hoddevik
Surfing i Hoddevik
Foto: Thomas Bickhardt
Harpefossen
Harpefossen
Foto: Harpefossen Skisenter

Surfing blir ofte assosiert med palmar og tropiske stader, men i Nordfjord er den vakre Hoddevika ute i havgapet minst like eksotisk.  Hoddevik er ein unik stad som stadig fleire internasjonale surfarar har fått auga opp for. Staden har likevel behalde sin lune sjarm og her kan heile familien teste surfing. Ta ein tur til Nordfjord der du kan oppleve surf og ski same helga!

Dag1:

18.00: Innsjekk på Akka Surf i Hoddevik. Anne tilbyr overnatting i særklasse. I sitt konsept ”living with a local” byr ho på seg sjølv og området i og rundt Hoddevik.

Leilegheit med 6 sengeplassar på 4 rom. Kjøken, stove og bad. Veldig barnevenleg, og verten Anne passar og underheld  borna medan dei vaksne surfar. Anne tilbyr også tilvenning til vatn, med drakt og brett for borna, medan dei vaksne tek vanlig surfekurs. Akka Surf har ikkje matservering, så ta med eigen mat til alle måltid. Anne hjelper til med matlaging og byr på heimelaga brød.

Dag 2:

09.30: Nybyrjarkurs / tilvenningskurs for borna
12.30: Lunsj
13.30: Deltakar disponerer utstyr til eiga surfing
16.00: Avreise til Eid

Inkludert i prisen for 2 vaksne og 2 born:
Overnatting på Akka Surf, surfeinstruktør/kurs, våtdrakter og brett til dei vaksne.
Tilvenningskurs inkl. drakter og brett til borna, og barnepass utanom kurset.          

Harpefossen Skisenter
Harpefossen Skisenter har 5 skitrekk; to fjellheisar på 1.400 meter og tre barne-/familieheisar på ca. 250 meter. 9 nedfartar. Terrengpark. Off-piste. 15 km preparerte turløyper. Lysløype for alpint og langrenn. Område for skileik. Varmestove.                                                                 
18.00: Innsjekk på hotell på Nordfjordeid 15 min køyretid frå skisenteret. Alternativ overnatting er Harpefossen Appartement med sjølvhushald. 
19.00: Middag 

Dag 4:

10.00: Ski på Harpefossen Skisenter
17.00: Middag på hotellet
18.30 – 20.30: Kjelkekøyring, gapahuk, barnetrekk ope. 

 

Dag 5: 

Ski på Harpefossen
Avreise

Bestilling

Reisemål Stryn & Nordfjord

Tel. 57 87 40 53      booking@nordfjord.no  

Sist oppdatert   22.02.2011  

Kontaktinformation

Destination Stryn & Nordfjord
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

Praktische informationen

Logo DSN