- til Hornelen og Kråkenes Fyr. Spektakulær vandring, god mat og ekte kystkultur.

Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norge
Segna seier at kvar midtsommarnatt samla heksene seg her på Europas høgste sjøklippe, 860m over havet. Slik kan du godt seie at Hornelen også må vere eitt av landets eldste kongress-senter (ettersom dette høyrest ut for å ha dreia seg om det vi kan kalle eit årsmøte) Sidan norskekysten vart folkesett har det vore knytt overtru til denne fascinerande og spesielle fjellformasjonen, og det har alltid vore eit landemerke for sjøfarande i indre lei. I dag er Hornelen eit ynda mål for fotturentusiastar og klatrarar.
Fredag
19.00 Innsjekk på Torget Hotell, ankomstdrikk i Restaurant Kraftstasjonen og middag. Kveldsvandring i Måløy og bli-kjent treff.
Laurdag
08.00 Frukostbuffet på Torget Hotell. Vi lagar nistepakke og tek med drikke til dagens utflukt. Grupper 8 pers. per guide
09.00 Avreise frå hotellet. Vi set kursen mot Hornelen.
17:00 Retur til hotellet med dusj og ein liten lur
19:00 Middag i Restaurant Kraftstasjonen.
Kvelden fri.
Turane går heile året, Hornelen frå juni-november og vi har alternative turar. Avreise om ettermiddagen.
Søndag
09.00 Frukostbuffet på Torget Hotell.
10:00 Lett tur rundt Kråkenes, lunsj på Fyret og massasje.
Pris (2010): 2600,-
Inkludert i prisen: Overnatting i dobbeltrom med dusj og WC. Alle måltid. Guida vandring til Hornelen. Lunsj og massasje på Kråkenes Fyr. Festmiddag med trubadur.
Bestilling
Reisemål Stryn & Nordfjord
Tel. 57 87 40 53 booking@nordfjord.no
Reise frå Bergen
Eit svært godt transportalternativ til ei helg i Måløy er med hurtigbåten frå Bergen. Avreise frå Bergen fredag kl 08:00 eller 16:30, med ankomst Måløy kl 12:35 eller 21:05. Avreise frå Måløy søndag kl 15:40. Sjå detaljert ruteplan her (Fjord1).
Reise frå Oslo
Nordfjordekspressen har tre daglege avgongar frå Oslo Bussterminal til Måløy. Ein komfortabel og fin måte å reise på. Sjå detaljert ruteplan her (Nor-Way Bussekspress)