Annonser

Bestill her





 
 

Haust i Nordfjord

Hausten i Nordfjord er fargerik og forfriskande for kropp og sjel. Gå i fjellet og opplev fargane i naturen, bli med på jakt, opplev hauststormane på kysten, bli med på arrangement eller kos deg i bassenget eller med spa-behandling på eit av våre spa-hotell.

Lodalen
Lodalen
Foto: Thomas Bickhardt/BickFoto
Indre - Ytre Fure, Selje
Indre - Ytre Fure, Selje
Foto: Thomas Bickhardt

Vandring - den beste årstida

Nyt den skarpe haustlufta og den lave sola, og fjellet som badar seg i friske fargar. Regn i lufta er vel ikkje noko hinder heller. Her vil du oppleve gamle setermiljø, fossefall, frodige elvar, utsikt over dalføre, fjelltoppar og brear. Vi har eit godt utval av turkart med beskrivelse av dei ulike fjellturane. Om du vil ha det beste anbefaler vi Fjordspor-turane. Du kan også få med deg ein guide på turen. Kanskje kan Via Ferrata Loen friste? La deg inspirere av Dagbladet TV sitt besøk tidlegare i år.

På to hjul

Du kan sykle på breie vegar, eller på smale og bratte stiar i fjellet. Langs fjorden, eller opp gjennom dalane. Inst mellom høge fjell og brear, eller ute i eventyrlandet ved kysten. Vi har mange turforslag til deg, og om du ikkje har med sykkel sjølv kan du leige. Finn ut meir på våre sykkel-sider!

Jakt og fangst

Hausten er tid for jakt og fangst, og i Nordfjord er det fint å jakte. Nokre av reiselivsbedriftene har løyve på hjort. 

Fjordhestriding

Fjordingen er Nordfjord sin eigen hesterase, og fleire stader i Nordfjord kan rideinteresserte oppleve vakker vestlandsnatur frå hesteryggen. Ridetimar, dagsturar, rideleirar.  

Storm ved Stad

"Storm ved Stad" er eit kjent begrep i vermeldinga, og dette fenomenet er mogleg å oppleve på nært hald. På Kråkenes Fyr kan du oppleve at bølga slår over taket medan du kosar deg inne med ein varm kopp kakao. Naturen på kysten av Nordfjord er mektig og facinerande. Les meir om fyrferie her. Andre som likar bølger er surfarane. Ta turen til Stad og vakre Hoddevik, og prøv surfing.

Kråkenes Fyr - Thomas Bickhardt - BickFoto

Storslagen natur og historiske stadar

Opplev Briksdalen, eller Lodalen, der breane heng ned over fjellsidene. På Jostedalsbreen Nasjonalparksenter kan du lære om breane og fjordlandskapet. Reis utover langs Nordfjorden, og sjå korleis landskapet endrar seg. Dramatiske Vestkapp tronar utover Stadhavet, og inne i vikene ligg sandstrendene. Og alt er mogleg å nå på ein dagstur, uansett kvar i Nordfjord du befinn deg. Full oversikt over attraksjonar i Nordfjord finn du her.   

Alexandra Bad & Spa

Helse, velvære og innekos

Tre av hotella i Nordfjord tilbyr flotte badeanlegg og Spa/Thalasso behandling. Spa tyder "helse gjennom vatn" og har i hundreår handla om mineralhaldig vatn, varme kjelder og avspenning. Tenk så deileg å kome inn i varmen og bli tatt vare på, og berre koble fullstendig ut. Kos deg med god mat og god stemning. I Nordfjord finn du også dei meir særprega hotella, med historie i veggane og "det lille ekstra". Full oversikt over overnattingsmoglegheitene finn du her.

Innhaldsrik kulturhaust

Hausten bringer med seg eit utruleg rikt kulturprogram i Nordfjord-regionen. Bli med på teaterforestillingar, konsertar, dans og messer. Opera Nordfjord er haustens kulturelle høgdepunkt. I år er oppsetninga "I Puritani" (Søner av sola).

Vi ynskjer deg ein fin haust, med friske opplevingar!

 

Klikk her for overnatting
Klikk her for arrangementsoversikt

Vandring i Vågsøy - Thomas Bickhardt-BickFoto
 

Sist oppdatert   24.10.2014  

Kontaktinformation

Destination Stryn & Nordfjord
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

Praktische informationen

Logo DSN