Annonser

Bestill her





 
 

Ekspedisjon "Reint Eventyr"

Reint eventyr er ein ny type ekspedisjon i Norge. Den tek berre sju dagar, men byr på  segling, padling, brevandring og lange toppturar gjennom eit Norge i miniatyr. Turen startar 28.juli, og no har du sjansen til å melde deg på! 

Ekspedisjon
Foto: Arve Ullebø
Ekspedisjon
Foto: Arve Ullebø

Ekspedisjonen startar på Sandane i Nordfjord. Første mål er helleristningsfeltet Vingen og eit møte med steinalderkulturen. Det vert dagstur til Nord-Europas høgste sjøklippe, Hornelen, før vi set segl med Collin Archer-skøyta "Medvind" vestover mot havet. Etter overnatting på Hovden, ei øy vest for Florø, set vi kursen inn den smale og frodige Norddalsfjorden som er innfallsport til Norges vestlegaste bre: Ålfotbreen. Grunnen til at det ligg ein bre så langt vest, er store mengder nedbør og eit røft klima, som kan vere ei utfordring for ekspedisjonen som skal overnatte på Ålforbreen. 

Gjegnabu ligg på ei fjellhylle og blir karakterisert som ei av dei mest spesielle hyttene til DNT. Ekspedisjonen svingar innom hytta før turen til Gjegnen (1648moh), som er høgste toppen vest for Jostedalsbreen. Gjegnalundsbreen, Skjerdalen og Hyefjorden vil vere neste markeringspunkt på eventyrreisa som blir avslutta med padletur i havkajakk inn Gloppefjorden til Sandane. 

Det spesielle med denne ekspedisjonen er den store variasjonen frå hav til bre, frå fjord til høgfjell, frå bygd til villmark. Deltakarane må ha erfaring i aktivt friluftsliv for å takle den store spennvidda i natur og utfordringar. Belønninga blir sterke opplevingar og gleda over å meistre havbåra, bresprekkene og fjellhyllene. Reint eventyr blir ei eksklusiv reise og eit uforgløymeleg høgdepunkt.

Start frå Sandane 28. juli for inntil 10 deltakarar.

Turleiarar: Hallgeir Hansen og Arve Sandal.

Pris 9.900 kroner (mat og utstyr inkludert).

Påmelding innan 1.mai til hallgeir.hansen@sfj.no

Last ned folder her!

Artikkel på nrk.no

Arrangørar:
Nordfjord Folkehøgskule og Friluftssenteret Nordfjord v/Firda vgs.

Sist oppdatert   08.04.2013  

Kontaktinformation

Destination Stryn & Nordfjord
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

Praktische informationen

Logo DSN