norsk   english   deutsch
Søk
Få stadar er landskapet meir variert og opplevingane så mangfaldige som i Nordfjord. På ei reise langs Nordfjorden vil du oppleve kontrastrik natur, frå mektige fjell, djupe vatn, fossar, isbrear og fjord til Stadhavet som slår inn mot kysten vår. Opplev brevandring, turar på fjorden eller rusle i sola på kvite sandstrender. Attraksjonane ligg som perler på ei snor. Kom til Nordfjord, og la naturen og menneska inspirere deg. Den som reiser får sjå.



Kart Nordfjord - Norge




Nordfjord Vandrefestival 7. - 15. august 2010


Følg oss på Facebook

Brosjyrer

Nordfjord Reiseguide 2010
Nordfjord Reiseguide 2010

Nordfjord Reiseguide 2010 fins på språka norsk, engelsk og tysk. Brosjyra inneheld ca 50 sider med kart, aktivitetar, attraksjonar og overnattingsmuligheter i heile Nordfjord. For dei fleste vil denne reiseguiden innehalde all den informasjonen som de treng for å gjennomføre eit vellukka besøk i Nordfjord. Guiden er temainndelt, med eigne bookingsider (A4).



Last ned Nordfjord Reiseguide 2010 i pdf-format her





Nordfjord Vinterguide -Winter guideNyheit: Nordfjord Vinterguide - Winter guide
Sidan Nordfjord Reiseguide har fokus på sommarhalvåret så er dette er ein guide der du finn info om kva ein kan finne på i Nordfjord om vinteren. Her er mange aktivitetar både med og utan ski. Guiden tar også for seg overnatting i Nordfjord. Guiden er i liggande A5-format og har norsk og engelsk tekst. Les meir om vinter i Nordfjord her.

Last ned Nordfjord vinterguide - Winter guide i pdf-format her.


Brosjyre Nordfjord Vandrefestival 2009
Nordfjord Vandrefestival 7. - 15. august 2010
Folder med program for Nordfjord Vandrefestival. Generell info, oversikt over årets turar, kart og turtips. Les meir om Nordfjord Vandrefestival her.

Last ned brosjyra for Nordfjord Vandrefestival (2009) i pdf-format her.


Problem med nedlastinga?
Utgåva som du kan laste ned på denne siden er lagret i Adobe Acrobat format, som en såkalla PDF fil. Filene kan lesast med gratis programmet Acrobat reader, som kan lastast ned fra Adobe sine internettsider. Klikk her for å gå til Adobes nedlastningsside.


Det kan av og til vere vanskeleg å opne PDF filer i weblesaren. Vi anbefaler då at du høgreklikker på lenkane nedanfor og vel "Lagre fil som" ("save target as"). Når fila er lagra på din PC, kan du opne den i Acrobat Reader ved å dobbeltklikke på den.

Bestill brosjyrene
Vi kan også sende deg papirutgåvene av brosjyrene - kostnadsfritt. For bestilling, vennlegast fyll ut dette skjemaet.



TENK MILJØ - ER DU SIKKER PÅ AT DU TRENG BROSJYRA I PAPIRFORMAT?


Reisemål Stryn & Nordfjord

Din offisielle reiseguide i Nordfjord

Explore Fjord Norway



Olden © Hansa Briksdal Sparebanken Sogn og Fjordane
Kontakt ossOm RSNPresse/mediaImageshopBransjenettCruiseAnnonsering