norsk   english   deutsch
Søk
Få stadar er landskapet meir variert og opplevingane så mangfaldige som i Nordfjord. På ei reise langs Nordfjorden vil du oppleve kontrastrik natur, frå mektige fjell, djupe vatn, fossar, isbrear og fjord til Stadhavet som slår inn mot kysten vår. Opplev brevandring, turar på fjorden eller rusle i sola på kvite sandstrender. Attraksjonane ligg som perler på ei snor. Kom til Nordfjord, og la naturen og menneska inspirere deg. Den som reiser får sjå.



Kart Nordfjord - Norge




Nordfjord Vandrefestival 7. - 15. august 2010


Følg oss på Facebook

Hellesylt - Flofjellet - Stryn


Utsikt over Oppstrynsvatnet frå Flo © CH/Innovasjon Norge


FlofjelletNo kan ein leige sykkel i Hellesylt, sykle over Flofjellet og levere sykkelen i Stryn.

Sykklar kan leigast på turistinformasjonen i Stryn eller Hellesylt og leverast inn igjen på den andre turistinformasjonen. Dette gjer det mogleg å leige sykkel i Hellesylt, sykle over Flofjellet og levere sykkelen i Stryn.

4 til 6 timar
Seter på Flofjellet
(Stryn) - Hellesylt – Vollset – Flofjellet – Flo - Stryn. Dette er ein av dei beste turane ein kan sykle på sommarstid. Snøen ligg framleis på fjelltoppane, mens det er grønt og frodig i lavlandet.

Frå Hellesylt syklar vi du innover dalen til Vollset. Følg grusvegen over Flofjellet, og nedover til den vesle og sjarmerande fruktbygda Flo. Sykl langs Oppstrynsvatnet, til Sunde der du kjem inn på hovudvegen ned mot Stryn (RV 15).

Turen er relativt enkel. Der er noko stigning frå Hellesylt til Vollset, Skihytta på Flofjellet, 535 m.o.h.
men det er ein god sykkelveg. Flofjellet har fantastisk utsikt og flott natur, med ville fossefall og fredfulle vatn. Du passerar også fleire trivelege setrar.

Turen tar 4-6 timar, og er om lag 40 km lang. Det høgaste punktet er rundt 550 m.o.h. Frå 2009 kan du leige sykkel på turistinformasjonane i Stryn eller Hellesylt og levere den inn på turistinformasjonen på andre sida av Flofjellet.


Les meir om sykling i Stryn

Les meir om sykling i Nordfjord

Fylkesgrensa på FlofjelletFoss på FlofjelletNestevassætra
Reisemål Stryn & Nordfjord

Din offisielle reiseguide i Nordfjord

Explore Fjord Norway



Olden © Hansa Briksdal Sparebanken Sogn og Fjordane
Kontakt ossOm RSNPresse/mediaImageshopBransjenettCruiseAnnonsering